Fleire EM-deltakarar påmeldt til juniormeisterskapet på Bislett

 

 

Det første juniormeisterskapet på Bislett Stadion sidan 1969 blir arrangert den 24.–26. august av Idrottslaget i BUL. Då er det ekstra stas å få besøk av fleire av årets EM-deltakarar og alle vinnarane av fjorårets bestemannspremiar frå juniormeisterskapet i Harstad.

 

Sondre Guttormsen sette nyleg norsk rekord i stav i Berlin under EM og er til helga påmeldt i lengde, 110 meter hekk og stav. 800-meterdeltakar i EM, Markus Einan, er påmeldt på 1500 meter, ein distanse han berre har sprunge éin gong tidlegare. Her blir det spennande å sjå kva han kan gjere på den nesten dobbelte distansen.

 

Marcus Thomsen var nær pers med 19,59 i Berlin og viser då lovande form før meisterskapshelgene i august. På NM støyta han 19,82. Vidare får også ærverdige Bislett Stadion besøk av Jonathan Quarcoo som  deltar i sitt siste juniormeisterskap. Jonathan har sprunge gode tider på Bislett tidlegare i sommar og vi håper å sjå ei gjentaking på Bislett til helgen.

 

Kom og støtt deltakarane ved årets juniormeisterskap i jakta på gode resultat!

Leave a Reply